No er det snart mai månad, været er bra, og gradene stig for kvar dag som sommaren nærmar seg. Vi kan begynne å nyte lunsjen ute på graset med solbriller på og oppbretta buksekantar, samtidig med litt sol-forberedingar til bikinisesongen. Med andre ord, vi har ein fantastisk kvardag på mojo vgs. Men midt i dette flotte bildet av korleis dagen vår er, kjem russen. Og sidan vi er førsteklassingar, er det vi som må gjennomgå. Ikkje berre har vi funne ei heil liste med russeknutar som går ut på å tulle med førsteklassingane, men vi blir sjefa rundt som om vi skulle vere deira slavar og trua med å bli teke av russen dersom vi yppar. Dei invaderar oss med truslar i vårt everyday-living-life, noko som vi finn både irriterande og ganske morosamt. Men likevel kan eg forstå det, og gler meg til det er min tur å vere!
tirsdag 28. april 2009
mandag 27. april 2009
Ja til Dalsfjordbrua!
For å utfylle denne bloggen med noko sakleg, har eg tenkt å ta føre meg bygginga av den velkjende Dalsfjordbrua, som har vore under planlegging i utallige tiår. Etter mykje venting, krangling, planlegging har endeleg prosjektet gått i boks, og bygginga startar om ikkje så alt for lenge. Brua er venta å stå ferdig innan 2015, og eg reknar då med at både Fjaler og Askvoll vil få fleire innbyggarar. Det er i alle fall noko alle håpar på, slik at vi får nokre nye sjeler i kommunane som erstattar alle ungdommane som no har flytta vekk for å studere og arbeide. Dei fleste må til Bergen, Stavanger, Trondheim eller andre byar som ligg langt borte frå heimlege trakter, og er då nøydde til å flytte. Konsekvensar har det, og dei er store. Innbyggartalet minkar for kvart år, og det er på tide at dette endrast på. Vi gler oss difor over Dalsfjordbrua som gir oss nye mogelegheiter!
mandag 20. april 2009
Thumbs up for Elisabeth!
Ville berre skrive eit lite innlegg om den fantastiske jenta med den fantastiske stemma, altså Elisabeth. Du var utrulig flink på fylkesmønstringa, og i miss you much <3
Mitt første innlegg
Så var også eg i gang med blogging. Men ikkje på eige iniativ, sidan det faktisk er ei skuleoppgåve. Så her vil det vere forskjellige innlegg, men ikkje veit eg endå kva som endar opp på min blogg. Og sidan eg skal ha naturfag med crazy Ove no, så blir eg nødt til å skrive meir ein anna gang.
XOXO
XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)