onsdag 12. mai 2010

Journalistikk

Her er nokre døme på journalistiske tekstar eg har utforma, saman med bilete eg har teke sjølv. Begge oppgåvene var valfrie, og eg hadde det veldig kjekt med å jobbe med dei. Her kan du få teste ut prestasjonane dine som journalist på både godt og vondt, og vere med på mykje moro.



Foto

Her er nokre bilete eg tok til ei skuleoppgåve våren 2010. Oppgåva var å følgje nokon gjennom ein arbeidsdag, og eg har her fotografert min far som er målar og har veldig mange andre forskjellige oppgåver i kvardagen. Eit lite innblikk i nokre bilete, sidan vi har eit mangfald av ulike bilete i alle storleikar og av alle motiv. Spennande!








- Marta

Grafisk design

Her er nokre bilete av ting eg har jobba med i grafisk design på medium og kommunikasjon v/Mo og Jølster vgs. Det er ei kreativ linje der vi kan utforme forskjellige ting, alt etter kva tankar som fell oss inn og korleis oppgåvelyden er. Så eg tenkte å vise nokre forskjellige, slik at du kan få eit innblikk i noko av det vi driv på meg, og kanskje blir du freista til å byrje her du også?





- Marta

tirsdag 11. mai 2010

Ytringsfridom vs sensur

Når eg tenkjer meg om, er eg veldig glad for at eg er fødd, oppvakse og bur i Noreg. Vi har det så godt her, og vi burde eigentleg ikkje klage på noko. Vi lev eit godt og sunt liv med store familiar, mange venner, skulegang og jobb. Vi har det meste mange andre ikkje har, i tillegg får vi ytre meiningane våre akkurat slik som vi ønskjer det. Vi har full ytringsfridom i Noreg, noko som gjev oss sjansen til å kunne vere med på å endre miljøet, politikken, omgjevnadane og det sosiale. Vi kan utgjer ein forskjell for landet vårt. Men er det alltid like lurt å seie og skrive det vi meinar?



Ofte kan folk komme med grove og frekke kommentarar til andre personar, og sjølv om dei kan meine at dei har rett i sin uttale, kan det påverke andre personar negativt. Det er derfor vi har sensur i Noreg, som brukast fleire gangar både i media, på nett, i aviser og mykje anna. Til dømes kan du kommentere på saker på nettet, gjerne i nettaviser og liknande. Du kan også legge inn informasjon på wikipedia dersom det skulle vere noko du visste som ikkje sto på sida, og som du ville tilføye. Her er det mange mogelegheiter for å skrive mykje stygt og gjerne utsette andre for mobbing og anna. Då sit det gjerne nokon som kontrollerar kva som kjem inn av kommentarar, og slettar det som ikkje er høveleg.


På ei anna side, er det også mykje som burde ha vore sensurert. Til dømes er livet på paradise hotel på Tv3 spekka med nakenheit, sex, sladder, baksnakking, krangling og mange andre typar skandaler som ikkje burde ha vore vist på landsdekkande fjernsyn og på nett. Mange gongar har det blitt bevist at deltakarane taper mykje på å vere med i denne konkurransen, grunna at mange arbeidstakarar ikkje vil tilsette etter oppførsel på fjernsyn, eller at oppførselen har ført til sosialt sjølvmord i ettertid. Kvifor blir ikkje det grovaste sensurert, når vi veit konsekvensane av å vise det? Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, sa til http://www.seher.no at "sensur av paradise hotel-deltakarane sin språkbruk er ei feig løysing" og at det anten må vere alt eller ingenting. Her meinar eg Lomheim tek heilt feil. Er det ikkje like god underholdning dersom vi ikkje får høyre dei grove orda og banneorda? Det er ikkje alt vi treng å sjå og høyre, og spesielt ikkje for barn som måtte snike seg til å vere vaken etter sengetid.



Ikkje berre i Noreg blir saker og ting sensurert. I nokre land som er råka av krig, fattigdom og sjukdommar fins der ikkje ytringsfridom. Di stemme tel ikkje, og dersom du meinar noko anna enn alle andre står du i fare for å miste livet ditt. Det er ofte i desse landa dei også bestemmer seg for å ha ei streng grense på sensur. Det er tilfeller der det ikkje er lov å rapportere noko som helst over grensene, og verken ta med deg mobil eller bruke internett. Korleis skal vi i vesten og elles andre som kan hjelpe til, når vi ikkje får vite korleis livssituasjonen deira er og kva som føregår i landet? Korleis kan vi gripe inn og setje ein stoppar på det uendelege bråket, når dei ikkje ein gong vil ha vår hjelp?

Det heile er ei stor sak som skal mykje til for å ordne opp i. Ofte blir desse to emna kombinert, og ikkje utan grunn. Eg meina at det heilt klart er ein link mellom ytringsfridom og sensur, sjølv om det er to rake motsetnadar. Å uttrykkje seg sjølv mot å ikkje få lov eller kunne vise fram noko. Vi kan finne det på land og strand i alle krinkelkrokar, og det er alltid eit like aktuelt tema. Og eg trur nok at ytringsfridom og sensur alltid vil vere saker som står høgt på dagsorden. Til slutt vil eg berre seie at sjølv om det er vanskeleg å få dette til å fungere for alle, er det viktig at vi respekterer kvarandre sine meiningar og tankar om dette.


- Marta

Personvern i den store verden

Det å blogge på nettet er offentleg, og ein kan i grunn skrive akkurat det som passar seg slik at ein kvar person i den vide verden kan lese det. Men er det greitt å skrive kva som helst om kven som helst? Når det gjeld personvern på nett og i media er det eit sentralt tema som eg tenkte å ta for meg her. Som kjent har media som uvane å publisere litt for mykje av folks privatliv, og dette gjerne med kjende personar. Her gjeld det for media å finne ut noko oppsiktsvekkjande for å lage store oppslag og trekkje mange lesarar, noko som er ein god start til fleire saker om same tema.

Som døme kan eg ta for meg Kronprinsesse Mette Marit i perioden då det blei kjent at ho var saman med Kronprins Håkon. Pressen følgde med på alt som blei sagt og gjort, og var til alle tider utanfor leilegheita hennar. Dei vil ha saker, men bryr seg ikkje om å verne om hennar privatliv og korleis dette går ut over ho og familien. Dette kan ofte gå for langt, og øydeleggje for fleire menneske. Media er kalde og bryr seg ikkje om det så lenge dei får saka si.

Sjølv om Mette Marit ville ha eit privatliv måtte ho sjølvsagt rekne med medieomtale, sidan ho involverte seg med den kongelege familien. Likevel må det vere mogeleg å sjølv kunne bestemme kvar grensa skal gå. Eit kvart menneske har rett på privatliv og perso

nvern. Sjølv om Mette Marit i nokre tilfelle sjølv valde å gå ut i media og fortelje om seg sjølv og hennar fortid, måtte ho fleire gongar sette ned foten og stoppe media i å forfølgje henne. Dette ser vi blandt anna mykje av i den nye filmen en vanlig dag på jobben som omhandlar Se og Hør sine arbeidsmetodar, spesielt under tida då Mette Marit var mykje omtalt rundt Kongefamilien. Skal det vere nødvendig å måtte springe etter media og stoppe dei for å verne om eige liv og eigen familie? Sjølvsagt er det noko spesielt med å komme inn i Kongefamilien, og ein må rekne med mykje medieomtale, men eg synest også at det skal vere mogeleg å setje ei eiga grense.

Personvern er noko alle treng. I fleire tilfelle har eit menneske vore uheldig og gjort ting som kanskje kan angrast på. Og her veit eg at eg ikkje er aleine om å dele tanken om at personvern er veldig viktig. Vi veit at alle kan gjer feil, sjølv den beste. Sjølv om eit menneske skal kunne verne om seg sjølv, kan ein ofte finne opplysningar både på nett og andre stader. Då er det kva som er lov å publisere og ikkje som gjeld. I følgje fornyings- , administrasjons- og kyrkjedepartementet ( http://www.regjeringen.no ) vil det å dele ut personopplysningar stri mot personvernidealet og personvernlovgjevnaden.

I tråd med personvern skal eg i neste innlegg ta for meg ytringsfridom og sensur. Vi har ytringsfridom i Noreg som i dei aller fleste andre land, og då er det viktig med personvern. Ofte er det også nødvendig å sensurere saker frå media og det offentlege. Skulle du meine noko som ”strir mot straumen” er det viktig at ikkje andre går til angrep mot deg og dine meiningar. Her er det mange forskjellige tankar og meiningar å meddele, så dette skal eg komme tilbake til i neste innlegg.


- Marta

onsdag 21. april 2010

Tilbake til bloggverden!

Vel, det skal nok seiast at eg aldri vore den store bloggentusiasten. Men no er det tid for litt meir seriøse innlegg med tankar både fram og tilbake. Innlegga vil hovudsakleg handle om mediehistorie og mediepolitikk, sidan eg er ein heldig medieelev på Mo og Jølster vgs. Dette blir bra!

Xoxo!

torsdag 7. mai 2009

Norges beste skrekkfilm

I går var eg på kino med nokre vener for å sjå den nye filmen "skjult". Med store forventningar og lite peiling på kva filmen eigentleg gjekk ut på, trakka vi inn i salen og satt oss ned blandt det skuffande oppmøtet. Filmen starta med ei scene som skremte vettet ut av meg, og gjorde til at eg skjønte meir og meir av kva eg ville møte i denne filmen. Handlinga starta med spenning, og haldt det gåande heile tida. Det var ikkje eit sekund eg kjeda meg, og eg har heller aldri vore så anspent av nervøsitet før. Veldig bra gjennomført film, med Kristoffer Joner i hovudrolla. Mystikk og redlse av uvitheit følgte meg gjennom dei ein og ein halv timane vi satt planta godt ned i kinostolane med hendene holdt fast framfor ansiktet. Alt i alt ein meget god film, og karakter av beste slag. Vil absolutt sei at det er den beste skrekkfilmen som nokon gong er laga i Noreg. Anbefalast på det høgste!
http://gfx.api.no/image-versions/www.siste.no/m/02512/1238594760000_20090401-087b_2512378m.jpg
http://www.filmweb.no/bilder/multimedia/archive/00142/Skjult_142035n.jpg
http://www.filmweb.no/bilder/multimedia/archive/00142/Skjult_142035n.jpg

tirsdag 5. mai 2009

Gutar er gutar?

Gutar er gutar, og vi kan ofte bruke unnskyldninga ”det er berre slik gutar er” når det er snakk om noko ein gut har sagt eller gjort. Men er alle gutar slik som den ”typiske” guten blir framstilt? Sjølv har eg mange gode gutevener, men har også opplevd den ”typiske” guten. Denne guten prøver å skape sjalusi og misunnelse, og kan også vere meir oppteken av seg sjølv enn nokon kunne tru. Men det er faktisk ikkje berre slik gutar er, for dei kan vere gode vener som gjer alt for å skape trivsel og glede. Mine to vener Monir og Stian er slike gutar, og er med på å gjer kvardagen moro og kjekk. Av og til kan det vere kjekkare å vere med gutevener, for blant jenter er det ofte mykje drama og mange problem. Gutar er avslappa å vere med, og både avslappande og moro var fjellturen med Monir og Stian. Er du stressa, ta med deg nokre gutevener på ein fjelltur du og, og bli fortalt like mange morsomheiter som eg gjorde!

mandag 4. mai 2009

Strawberry daiquiri for alle penga

Sidan eg ville gå på skule på Jølster, blei eg nøydt til å flytte heimanfrå. Dessverre når eg tenker på all den gode maten som eg går glipp av heime. Men til å vere hybelbuar vil eg påstå at eg er ganske flink når det gjeld matlaging. I dag blir det faktisk wok med kylling, nam! Og til prøvelesinga, blir det grønsaker og dip. Men no når sommaren nærmar seg og vêret er fint og varmt, er det deilig å lage ein smoothie og nyte den ilag med gode venner. Her om dagen laga eg med Mariell, og det var den beste vi nokon gong har smakt! Det var altså ein strawberry daiquiri, berre utan hovudingrediensen alkohol. Terningkast 6+!

Ich bin ein berliner!

Ich bin ein berliner, for ei weekend i alle fall. I februar reiste eg nedover med mi kjære syster Anna, for å besøke eit av våras søskenbarn, Kristine, som for tida studerte tysk midt i Berlin. Trass det ubeskrivelig kalde og ekle vêret, var det ein fin tur med mange nye opplevingar. Eg såg masse forskjellig; bygningar som eigentleg ikkje hadde noko tyding for meg (blant anna brandenburger tor: http://www.sitesantafe.org/membership/images/brandenburger-tor_01.jpg) alle mulige slags folk og elles mykje anna spennande. Sjølvsagt klarte vi å gå i fire dagar utan å hugse å kjøpe berlinerbollar, noko som er eit must når ein først er i Berlin! Elles va vi på shopping i dei alt for store sentera som vi så godt som gjekk oss ville i, var ute og rusla på store marknad i pøsregnet. Etterpå bar det inn på kafè for å drikke varm kakao, noko som aldri før har smakt like godt. Tilfeldigvis var onkelen vår der samtidig som oss, så det blei middag ute på hans rekning, ganske herlig i grunn. Alt i alt ein kjekk tur, men anbefaling til andre som skal nedover til Berlin: reis ikkje i årstida der du kan møte på is, snø og lav temperatur. Og i tilfelle; pakk med deg varme kleder ut frå eigne erfaringar. Berlin er KALDT!

tirsdag 28. april 2009

Invasjon i ein herleg kvardag


No er det snart mai månad, været er bra, og gradene stig for kvar dag som sommaren nærmar seg. Vi kan begynne å nyte lunsjen ute på graset med solbriller på og oppbretta buksekantar, samtidig med litt sol-forberedingar til bikinisesongen. Med andre ord, vi har ein fantastisk kvardag på mojo vgs. Men midt i dette flotte bildet av korleis dagen vår er, kjem russen. Og sidan vi er førsteklassingar, er det vi som må gjennomgå. Ikkje berre har vi funne ei heil liste med russeknutar som går ut på å tulle med førsteklassingane, men vi blir sjefa rundt som om vi skulle vere deira slavar og trua med å bli teke av russen dersom vi yppar. Dei invaderar oss med truslar i vårt everyday-living-life, noko som vi finn både irriterande og ganske morosamt. Men likevel kan eg forstå det, og gler meg til det er min tur å vere!