tirsdag 11. mai 2010

Ytringsfridom vs sensur

Når eg tenkjer meg om, er eg veldig glad for at eg er fødd, oppvakse og bur i Noreg. Vi har det så godt her, og vi burde eigentleg ikkje klage på noko. Vi lev eit godt og sunt liv med store familiar, mange venner, skulegang og jobb. Vi har det meste mange andre ikkje har, i tillegg får vi ytre meiningane våre akkurat slik som vi ønskjer det. Vi har full ytringsfridom i Noreg, noko som gjev oss sjansen til å kunne vere med på å endre miljøet, politikken, omgjevnadane og det sosiale. Vi kan utgjer ein forskjell for landet vårt. Men er det alltid like lurt å seie og skrive det vi meinar?



Ofte kan folk komme med grove og frekke kommentarar til andre personar, og sjølv om dei kan meine at dei har rett i sin uttale, kan det påverke andre personar negativt. Det er derfor vi har sensur i Noreg, som brukast fleire gangar både i media, på nett, i aviser og mykje anna. Til dømes kan du kommentere på saker på nettet, gjerne i nettaviser og liknande. Du kan også legge inn informasjon på wikipedia dersom det skulle vere noko du visste som ikkje sto på sida, og som du ville tilføye. Her er det mange mogelegheiter for å skrive mykje stygt og gjerne utsette andre for mobbing og anna. Då sit det gjerne nokon som kontrollerar kva som kjem inn av kommentarar, og slettar det som ikkje er høveleg.


På ei anna side, er det også mykje som burde ha vore sensurert. Til dømes er livet på paradise hotel på Tv3 spekka med nakenheit, sex, sladder, baksnakking, krangling og mange andre typar skandaler som ikkje burde ha vore vist på landsdekkande fjernsyn og på nett. Mange gongar har det blitt bevist at deltakarane taper mykje på å vere med i denne konkurransen, grunna at mange arbeidstakarar ikkje vil tilsette etter oppførsel på fjernsyn, eller at oppførselen har ført til sosialt sjølvmord i ettertid. Kvifor blir ikkje det grovaste sensurert, når vi veit konsekvensane av å vise det? Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, sa til http://www.seher.no at "sensur av paradise hotel-deltakarane sin språkbruk er ei feig løysing" og at det anten må vere alt eller ingenting. Her meinar eg Lomheim tek heilt feil. Er det ikkje like god underholdning dersom vi ikkje får høyre dei grove orda og banneorda? Det er ikkje alt vi treng å sjå og høyre, og spesielt ikkje for barn som måtte snike seg til å vere vaken etter sengetid.



Ikkje berre i Noreg blir saker og ting sensurert. I nokre land som er råka av krig, fattigdom og sjukdommar fins der ikkje ytringsfridom. Di stemme tel ikkje, og dersom du meinar noko anna enn alle andre står du i fare for å miste livet ditt. Det er ofte i desse landa dei også bestemmer seg for å ha ei streng grense på sensur. Det er tilfeller der det ikkje er lov å rapportere noko som helst over grensene, og verken ta med deg mobil eller bruke internett. Korleis skal vi i vesten og elles andre som kan hjelpe til, når vi ikkje får vite korleis livssituasjonen deira er og kva som føregår i landet? Korleis kan vi gripe inn og setje ein stoppar på det uendelege bråket, når dei ikkje ein gong vil ha vår hjelp?

Det heile er ei stor sak som skal mykje til for å ordne opp i. Ofte blir desse to emna kombinert, og ikkje utan grunn. Eg meina at det heilt klart er ein link mellom ytringsfridom og sensur, sjølv om det er to rake motsetnadar. Å uttrykkje seg sjølv mot å ikkje få lov eller kunne vise fram noko. Vi kan finne det på land og strand i alle krinkelkrokar, og det er alltid eit like aktuelt tema. Og eg trur nok at ytringsfridom og sensur alltid vil vere saker som står høgt på dagsorden. Til slutt vil eg berre seie at sjølv om det er vanskeleg å få dette til å fungere for alle, er det viktig at vi respekterer kvarandre sine meiningar og tankar om dette.


- Marta

2 kommentarer:

  1. Synest dette var eit veldig bra og informerandes innlegg med mange gode forklaringar og grunngjevingar bak meiningane dine. Ser at du har ei link og det er bra, var berre litt dumt at linken ikkje gjekk direkte til den saken du omtalar men til se og hør si framside, som gjorde at eg ikkje klarte å finne den saken du kommenterte om sensur av Paradise hotel.
    Var veldig bra at teksten din var oppbygd på med eit avsnitt om dette med paraside og eit avsnitt om dette med senstur i norge. Også bra at du tok med di eiga meining i avsluttninga

    SvarSlett
  2. den anonyme kommentaren er min .ida . klarte ikkje å legge inn kommentaren med mi bloggadresse så her er den : http://idafromnorway.wordpress.com/

    SvarSlett