mandag 4. mai 2009
Strawberry daiquiri for alle penga
Sidan eg ville gå på skule på Jølster, blei eg nøydt til å flytte heimanfrå. Dessverre når eg tenker på all den gode maten som eg går glipp av heime. Men til å vere hybelbuar vil eg påstå at eg er ganske flink når det gjeld matlaging. I dag blir det faktisk wok med kylling, nam! Og til prøvelesinga, blir det grønsaker og dip. Men no når sommaren nærmar seg og vêret er fint og varmt, er det deilig å lage ein smoothie og nyte den ilag med gode venner. Her om dagen laga eg med Mariell, og det var den beste vi nokon gong har smakt! Det var altså ein strawberry daiquiri, berre utan hovudingrediensen alkohol. Terningkast 6+!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ååå det såg kjempe godt ut! Trur eg må få oppskrifta så kan eg prøve den ut sjøl! :)
SvarSlett