mandag 27. april 2009

Ja til Dalsfjordbrua!

For å utfylle denne bloggen med noko sakleg, har eg tenkt å ta føre meg bygginga av den velkjende Dalsfjordbrua, som har vore under planlegging i utallige tiår. Etter mykje venting, krangling, planlegging har endeleg prosjektet gått i boks, og bygginga startar om ikkje så alt for lenge. Brua er venta å stå ferdig innan 2015, og eg reknar då med at både Fjaler og Askvoll vil få fleire innbyggarar. Det er i alle fall noko alle håpar på, slik at vi får nokre nye sjeler i kommunane som erstattar alle ungdommane som no har flytta vekk for å studere og arbeide. Dei fleste må til Bergen, Stavanger, Trondheim eller andre byar som ligg langt borte frå heimlege trakter, og er då nøydde til å flytte. Konsekvensar har det, og dei er store. Innbyggartalet minkar for kvart år, og det er på tide at dette endrast på. Vi gler oss difor over Dalsfjordbrua som gir oss nye mogelegheiter!

1 kommentar: